Utstillingsopning laurdag 20. juni kl 13.00
Det blir åpningstale, konsert, kaffi / mat og triveleg samvær.
Ta med familien og kom på åpning!
VELKOMMEN!
HIMMELRETNINGAR bevegar seg mellom spor etter gamle handelsruter og mytologiske ekko i store landskap. Flyten av varer og menneske langs globale handelsruter set spor i den levande historia til kulturane våre. Frå forklé med koifisk-mønster på bundader til rosemålingslykter. Himmelretningar er ein oppslukande installasjon som kartlegg stigane som framleis ber spor av utveksling i kulturarven vår.
Himmelretningar er eit samarbeid mellom biletkunstnarane Mishi Foltyn og Per Stian Monsås og musikarane Audrey Chen og Henrik Munkeby Nørstebøe.
Msihi Foltyn og Per Sitan Monsås er kunstnarar busette i Trondheim som samarbeider om monumentale installasjonar og samfunnsengasjerte førestillingar om rolla kunsten har i kvardagen.
Audrey Chen og Henrik Munkeby Nørstebø er eksperimentelle musikarar og lydkunstnarar busette i Berlin. Dei har spesialisert seg på vokal, trombone og elektronikk, og samarbeider som duoen BEAM SPLITTER.
Prosjektet er støtta av Trondheim kommune , KiN, Goethe Institut, Buskerud Fylkeskommune og Ål kommune.
Søndag 21.juni Workshop
Det blir workshop på tunet, der ein kan bli bedre kjent med kunstnarane og deira metode. Deltakarane går mellom ulike stasjonar, arbeider med materiale dei finn ute og lagar enkle opptak og installasjonar i landskapet. Workshopen byggjer på samarbeid og kreative møte mellom ulike uttrykk.
Workshopen foregår mellom 12-15. Alle aldersgrupper er velkomne, send påmelding i forkant til: leveld.kunstnartun@gmail.com