Kulturlandskapet

Utvald Kulturlandskap

Leveld vart i 2017 vald ut av Landbruksdirektoratet som eitt av Noregs 51 Utvalde Kulturlandskap i jordbruket (UKL). Grunnleggende for val av områder er at dei i størst mogleg grad omfattar jordbrukslandskap med både svært store biologiske og kulturhistoriske verdiar forma av langvarig drift.

I fjellbygda Leveld er landskapet særpreget av teigdelt innmark, mange steingjerder og rydningsrøyser. Smale teiger av beitemark går fra bunnen av dalen og opp til heimstølene, i 700 – 950 meters høyde over havet. Mange gårdsbruk i denne lille bygda produserer melk og kjøtt av storfe, sau og geit basert på gressproduksjon og beite på store inn- og utmarksareal

Gårdstunene, med mange verneverdige bygninger, ligger på rekke og rad langs bygdeveien opp i dalsiden. Det varierte landskapet og ulike teigbruk har gitt en rik og mangfoldig vegetasjon. Her finnes rike myrsig og gammel beitemark, og på de kalkfattige tørrengene vokser det både fjellplanter og mer sørlige arter som flekkgrisøre, dunkjempe, hårsveve, tjæreblom, fjellbakkestjerne, fjelltimotei og fjellmarikåpe. Området har høy botanisk verdi og en karakteristisk blanding av sørlige arter og fjellplanter. 

Til sommarutstillinga i 2023, LUKTA AV FURU KAN SKAPA REGN, lot kunstnaren Randi Nygård seg inspirera av at Leveld er eit Utvald kulturlandskap, eit "særeige jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar", som det heitte på UKL si nettside.

Nygård tok utgangspunkt i fakta om ulike samspel i kulturlandskapet, mellom anna at lukta av furu dannar skyer, at kulturblomane ofte treng eit tråkk i bakken for å få nok lys til å spira, at sauer og ekorn snakkar til oss, at levande mikroorganismar kan halda skyer saman, at myra pustar vatn, at fuglar kviskrar så lågt at vi ikkje høyrer dei og at planter sansar omverda med heile seg.

Ho jobba med rotvelter som omfamnar oss, med blomar som trøystar auga vårt, med lokal rosemaling og med at i eldre tider, då vi såg omverda som mykje meir andeleg og levande, så var elv og alv same ordet.
Nygård undra seg over at den lukta vi menneske lettast kjenner igjen er lukta av våt jord, og at når vi målar kor mange millimeter jordoverflata hevar seg, så gjer vi det med eit signal frå ein annan galakse, sannsynlegvis frå eit svart hol.

I tillegg til installasjonar, teikningar og collage, inneheld utstillinga to lukter. Den eine er inspirert av at furu kan skapa regn og den andre er laga spesielt til Leveld. I den kjem kulturlandskapet til uttrykk i form av lukt av jord, høy, gras, blom, sau og furu. Luktene vart utvikla i lag med kunstnaren Simon Daniel Tegnander Wenzel. Lukta av furu kan skapa regn inneheld akkurat det molekylet som furutrea slepp ut i lufta og som kan danna skyer. I tillegg er der lukt av våt jord og regn.

Utstillinga var eit samarbeid med Utvalde kulturlandskap og langs stien til løa fann ein skilt og stokkar med tekstar kunstnaren har laga utifrå nye vitskaplege fakta om sansing og samspel i kulturlandskapet. 

Prosjektet var og støtta av Kulturrådet. 

Turar

Me oppfordrar gjestene våre til å hente inspirasjon frå nærområdet og fjellet. Ål og Leveld har eit variert og flott turterreng for både korte og lange turar, i alle årstider. Om vinteren er det over 100 km oppkøyrde langsrennsløyper i Ål. 

Turar med startpunkt Kunstnartunet:

Leveldrunden
Gå frå Kunstnartunet 500 m nordover mot veg skilta til Hemsedal. Følg denne oppover til du kjem til Øvrevegen i Leveld. Der går du langs nye og gamle gardstun gjennom heile bygda, med utsikt ned til kunstnartunet og “nedrevegen”. Langs Langs vegen heng fleire Bjørneboe-sitat på låvevegger, garasjeveggar og på gamle hus. Runden er fin å både gå og sykle.

Eivind Fredlaus
Gå stigen ved siden av uthuset ned til elva og over brua. Her er det skilta mot steinhola til Eivind Fredlaus. Delar av stigen går i lysløypa som fin å bruke både sommar og vinter. 

Haugsnatten
Gå frå Kunstnartunet sørover ca 2 km til Leveld Kyrkje. Gå skogsbilvegen over elva. Det er fleire skogsvegar som er fine turvegar. Turstigen til Haugsnatten er skilta. Her er det fin utsikt over Leveld og innover fjella mot Reineskarvet, Brea og Blåbergo.  

Fjellturar:

Både sommar og vinter er det fint turterreng i høgfjellet nær Leveld. 

Stølsvegane er fine sykkelvegar og om vinteren er det eit stort nettverk med oppkøyrde skiløyper. For å koma seg opp til fjellet kan ein enten følge vegen mot Hemsedal (sjå forrige side) eller ta buss 336 til Bergsjø og starte turen der. 

Fiske:

Det er mulig å fiske i elva bak Leveld Kunstnartun og i andre elvar og vatn mot fiskekort. Info finn du på: https://www.visital.no/gjore-i-al/fiske/


Fiskekort kan kjøpast fleire plassar i Ål, blant annet på Turistinformasjonen og i sportsbutikkane. I nokre områder er det salg av fiskekort frå kasser i terrenget eller på veg inn i området.

For Bergsjøområdet er det felles fiskekort som omfattar rundt 20 vatn og tjern.

Det er ellers mykje å finne om turar og aktivitetar i framlagde brosjyrar på Turistkontoret i Ål.

Turutstyr:

Gjennom BUA Ål kan du låne gratis tursutstyr som t.d. ski, slalomutsyr, telt og sekk under opphaldet i Leveld.