Leveld Kunstnartun er ein internasjonal gjestekunstnararena som tilbyr gratis bolig, atelier og verkstad i opptil 3 månader. Det er til ei kvar tid, heile året minst 3 kunstnarar på tunet. Biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, komponistart, scenekunstnarar, kunstnarar innafor nye mediar og arkitektar frå heile verdan kan søke om opphald for å kome og arbeide konsentrert ein periode.

Les meir om Leveld Kunstnartun

Opne atelie:

TIRSDAG 28. OKTOBER KL 18.00–20.00

På tunet i oktober

  • Sayo Ota

    Sayo Ota

    Japan

    Sayo utforskar korleis handel, migrasjon og kulturell utveksling formar identitet gjennom eit transkulturelt og historiografisk perspektiv. Den tverrfaglege praksisen omfattar grafikk, installasjon og skulptur for å undersøkja spenningar mellom rørsle og forankring i skiftande sosiale forteljingar.

  • Rebecca Minten

    Rebecca Minten

    Italia

    Rebecca er ein eklektisk kunstnar basert i Sveits. Ho spiller klarinett og fokuserer på eksperimentell musikk, transdisiplinær skapelse og improvisasjon. Med fokus på alternative framføringsformer deltek ho i immersive produksjonar som utforskar eksperimentell lyd på tvers av disiplinar og kontekstar – driven av ei djup interesse for samarbeidande skaping og sosialt engasjert praksis.I tillegg til det eksperimentelle arbeidet sitt er Rebecca aktiv i jazz- og folkemusikkscena.

  • Trude Bekk og Tom Teulon

    Norge og Storbritannia

    Trude og Tom er ein Trondheimsbasert kunstnarduo, som har jobba saman sidan 2020. Trude er ein norsk kunstnar med ein MFA frå Kunstakademiet i Trondheim, og Tom er ein britisk arkitekt med ein MArch frå London Metropolitan University. Dei arbeider med ny mediekunst og multisensoriske installasjonar, der dei utforskar ulike fjell-biotopar og møtet med sublim natur.

Formidling

Opne atelier

Alle gjestekunstnare som får opphald forplikater seg til å formidle sitt arbeid gjennom opne atelier. Da blir publikum invitert inn i ateliera for å treffe kunstnarane og sjå kva dei arbeider med.

Sommarutstilling

Kvart år vert det arrangert ei kuratert uststilling i Løa. Ofte er det tidlegare gjestekunstnarar som får dette oppdraget. Utstillinga er open kvar dag, heile døgnet frå midten av mai til start oktober og er gratis. Det er ca 2000 innom utstillinga kvar sommar.

Nesch og ungane

Vi har også et samarbeid med skulene i Ål og den kulturelle skulesekken. Dette er eit opplegg kor elevane har teoretisk og praktisk undervisning i kunstfag. Elevane kjem opp til kunstnartunet med trykk-klare plater dei har forberedt etter inspirasjon frå Rolf Nesch. Og i grafikkverkstadenfår dei hjelp av ein grafikar til å lage sitt eige trykk.

Gjestekunstnarar 2025:

Pierre Chaumont (CA), Qi Tan (CN), Anna Desiree Burenstrand (SE), Jovy Almero (PH), Anna With (NO), Kamil Kak (NO), Katharina Ferner (AT), Solveig Landa (NO), Mirsaeed Panah (IR), Suzannah Øistad (NO), Luke Drozd (UK), Anna Weilhartner (AT), Pedro Hurpia (BR), Jordan Barger (USA), Karen Eide Bøen (NO), Masoumeh Jalalieh (IR), Coco Stubart (CA), Sayo Ota (JP), Rebecca Minten (IT), Trude Bekk og Tom Teulon, Sandrine Deumier (FR), Steinar Yggeseth (NO)