Historie
Leveld Kunstnartun byggjer på Leveld si kulturhistorie. Mange kunstnarar reiste til denne bygda for å hente inspirasjon og arbeide. Dei budde på gardane og vart ein del av bygdemiljøet.
Tunet består av to bustadhus: Lærarbustaden og Astridtugu, loftet (stabburet) til Jens Bjørneboe, ein gammal låve som fungerer som skrivestove/musikkrom, ein komplett grafisk verkstad og to store atelier/arbeidsrom. Det sosiale bufellesskapet er ein del av tanken med Leveld Kunstnartun. Det same er jobbing på tvers av sjangrar og kunstfelt, Kunstnartunet vil vere ein møtestad for tverrfagleg samarbeid og nye uttrykksformer.
I dag kjem det kunstnarar frå heile verda på arbeidsopphald til Leveld. Kunstnarar leverer noko tilbake til bygda og regionen gjennom formidling i form av konsert, foredrag, diktlesing, open verkstad eller til dømes eit samarbeid med skulen. Samspelet mellom kunstnarar utanfrå og det lokale kunst- og kulturlivet er utviklande for begge partar, og eit mål i seg sjølv. Kunstnartunet arrangerer sommarutstilling kvart år, og den er det ofte tidlegare gjestekunstnare som står for.
Gerhard Munthe kom fyrst på 1880-talet. Seinare, frå 1930 og utover, kom fleire. Mange vart fascinert av lyset i Leveld, og mange av dei var knytt til det antroposofiske miljøet, inspirert av Göthes fargelære. Nils Ellingsgard, som har skrive om biletkunsten i Hallingdal, meiner desse kunstnarane skaffa Leveld ein plass i norsk kunsthistorie.
Fleire kunstnarar følgde etter Munthe: Thor Bøhn, Gøsta Munsterhjelm, Karl Høgberg, Kaare Wildhagen, Fridtjof Smith-Hald d.y., Alvhild Bratt, Hetty Gleditsch, Pelle Roll Thommesen og Alf Jørgen Aas var biletkunstnarar.
Jens Bjørneboe og Agnar Mykle var blant forfattarane. Begge bygde seg feriestad i bygda. Stabburet som Jens Bjørneboe budde fleire somrar i, står i dag i kunstnartunet. Gulle Brun og Signe Seim har begge funne del av si diktarstemme i Leveld.