Arbeidsopphald

Kva vi tilbyr

Søknadsportalen for residensopphald 208 vil bli opna april 2027.

Leveld Kunstnartun vart etablert i 2014 og er ein kunstnarresidens i Ål i Hallingdal. Ved å tilby gode arbeidsforhold til norske og utanlandske kunstnarar vil Leveld Kunstnartun fremje tverrfaglege uttrykk og kunstproduksjon av høg kvalitet.

Hos oss kan kunstnarar hente inspirasjon og prøve ut idear i samspel med ei levande fjellbygd. Vi tilbyr gode arbeidsforhold i form av 2 lyse atelier, ei skrivestove, ein grafikkverkstad og to bustadar. Bustadane er fullt utstyrte, og det er fibernett og eigen bil tilgjengeleg. Det er til ei kvar tid minimum tre kunstnarar på tunet, som kan søke om opphald i henhaldsvis 1, 2 eller 3 månader. Desse får tildelt eit arbeidsstipend og eit reisestipend.

For å sikre høg kunstnerisk kvalitet skjer utvelginga av gjestekunstnarar av juryar oppnevnd av Unge Kunstneres Samfund, Den Norske Forfatterforening og Norsk Komponistforening. Sidan oppstarten har over 300 kunstnarar hatt opphald i Leveld.

Leveld Kunstnartun er er ei ideell foreining støtta frå Kulturdepartementet, Buskerud Fylkeskommune og Ål kommune.

Ofte stilte spørsmål