Dagleg leiar - Leveld Kunstnartun

Vi søkjer no ein dagleg leiar som kan vidareutvikle og styrke verksemda i tett dialog med styret og samarbeidspartnarar. Stillingsprosenten er fleksibel (50–100 %) for å opne for søkjarar med ulike behov og rammer. Stillinga er eit åremål på fire år, med mogelegheit for fornying av åremålet.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for dagleg drift og utvikling av Leveld Kunsntartun

  • Kunstfagleg utvikling av program og aktivitetar

  • Søknadsarbeid, rapportering og økonomi/budsjettoppfølging

  • Personalansvar for koordinator

  • Oppfølging av kunstnarar i residensog samarbeid med lokale, nasjonale og internasjonale partnarar

  • Synleggjering av verksemda i offentlegheita og i kunstfeltet

Kvalifikasjonar

  • Kunstfagleg og/eller kulturfagleg kompetanse, helst med erfaring frå det profesjonelle kunstfeltet

  • God gjennomføringsevne og erfaring med prosjektleiing

  • God forståing for økonomi, administrasjon og søknadsarbeid

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og initiativrikt

  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ei sjølvstendig og variert leiarstilling i eit lite, dynamisk miljø

  • Moglegheit til å forme og vidareutvikle Leveld Kunsntartun i samarbeid med styret

  • Fleksibel stillingsprosent (50-100%)

  • Løn etter avtale

Arbeidsstad er Leveld Kunstnartun, Ål

Søknadfrist er 19. januar 2026. Søknad med CV sendast til

leveld.kunsntartun@gmail.com

Spørsmål om stillinga kan rettas til styreleiar Liv Juchelka, tel. 95980064

Medlemskap

Leveld Kunstnartun har i dag over 170 medlemmer, og det er rom for fleire. Alle interesserte, private og andre, er velkomne til å teikne medlemskap, og på den måten vere med og drive eit heilt unikt kulturtilbod i Hallingdal.

Du kan teikne årsmedlemsskap for kr 300 eller livstidsmedlemsskap på kr 5000.

Ta kontakt for å bli medlem

DAGLEG LEIAR

Randi Bjørnbeth

leveld.kunsntartun@gmail.com

+47 48012642

STYRELEIAR

Liv Juchelka

STYREMEDLEMMAR

Kristin Solbjør

Kari Randen

Øivind Nordal

Sverre Gullesen

VARA

Marit Sehl

Ingunn Stræte