Leveld Kunstnartun er ein internasjonal gjestekunstnararena som tilbyr gratis bustad, atelier og verkstad i opptil 3 månadar. Kunstnartunet er åpent heile året, og det er minimum 3 kunstnarar på tunet til ein kvar tid. Biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, komponistar, scenekunstnarar, arkitektar og tverrfaglege kunstnarar frå heile verda kan søke om opphald for å kome og arbeide konsentrert ein periode.

Les meir om Leveld Kunstnartun

På tunet i november

  • Alice Indi Ryne

    Alice Indi Ryne

    Sverige

    Alice (1998) er ein kunstnar og filmskapar basert i Göteborg og Malmö. Ho studerte ved Malmö kunstakademi, der ho fullførte mastergraden sin i 2024 med utstillinga Forever Endeavour. Ryne arbeider hovudsakleg med installasjonar og eit breitt spekter av bevegelege biletemedium, frå narrative filmar til korte videoloopar.

    Heile tida i ei rørsle mellom leik og alvorsstemning, prøver Ryne å vekkje kjensla av å stå på kanten av det vi kan vite, sjå, hugse og forstå.

  • Carin Castegren

    Carin Alegre Castegren

    Sverige

    Carin driv med måleri og har ein poetisk tilnærming til mediet. Praksisen hennar kjem frå eit indre rom der intuisjon er eit viktig verktøy. Ho let spor frå arbeidsprosessen bli verande på lerretet og integrerast i verkets materialitet. Den transparensen som oppstår gjennom tynne lag med maling gjer at måleriet kan lesast som ein palimpsest. Motiva i verka hennar speglar ofte tilstandar av tilblivelse, samt persepsjonens foranderlege og tvetydige natur.

    Verka hennar har tidlegare vore stilt ut på mellom anna Galleri Ping-Pong, Galleri Arnstedt, Södertälje kunsthall, Galleri KHM1, Skissernas Museum, Pumphuset kunsthall og Ronneby kunsthall. Verka hennar er representerte hos Region Stockholm, og ho har tidlegare fått støtte frå Konstnärsnämnden og Malmö kunstmuseum.

Formidling

Opne atelier

Med jamne mellomrom arrangerast det opne atelier der gjestekunstnarane presenterar arbeidet sitt og gjev publikum eit innblikk i den kunstnariske arbeids-prosessen.

Sommarutstilling

Kvart år vert det arrangert ei kuratert utstilling i kunstnartunet. Ofte er det tidlegare gjestekunstnarar som får dette oppdraget. Utstillinga er open kvar dag, heile døgnet frå midten av mai til starten av oktober, og har omlag 2000 besøkande kvart år. 


Nesch og ungane

Vi har også et samarbeid med skulene i Ål og Den Kulturelle Skulesekken (DKS). Her får elevane teoretisk og praktisk undervisning i kunstfag. Vi har mellom anna gjennomført prosjekt med trykk-plater inspirert av Rolf Nesch, der ungane får hjelp av ein grafikar til å lage sitt eige trykk i Grafikkverkstaden. 

Utvalde gjestekunstnarar 2026:

Anne Karin Jortveit (NO), Anna Yovka (UA), Johan Andrén (SE), Kostas Zisimopoulos (GR), Alejandro Marra Mejia (MX), Anne-Marie Hammerbeck (NO),Karl Ingar Røys (NO), Maria Katarina Del Rosario (PH), Jeanne Artemis (DE), Sylvia Hinz (DE), Nicoletta Favari (IT), Christopher Salvito (IT), Ellen Sofie Griegel (NO), Ivan Markovic (RS), Seda Tunc (AT), Anne Guro Larsmon (NO), Geetanjali Prasad (IN), Franzisca Siegrist (ES), Beatrice Guttormsen (NO), Marie Nerland (NO), Carlos Guiterrez (BO), Natascha April (FR), Carin Castengren (SE), Alice Indi Ryne (SE)