Arrangement

 
 
birgit.jpg

Kunstutstilling i skogen

På en skogsstigen bak kunstnartunet finn man en helt spesielt kunstopplevelse. I år som før vil du møte Birgit Hagen sine mektige og ekspressive vevarbeid i skogen, presentert gjennom sylskarpe foto tekne av fylkesfotograf Bjørn Johansen. Hagen er kjend for sin einestående fargebruk og for gjenskapninga av motiv frå naturen, samt hennar eigne, indre landskap. Nytt av året er utstillinga til den unge kunstnaren Sebastian Rusten. Utstillinga han viser er ein utforskning av naturen og dens bestanddeler. Gjennom enkle manipulasjonar i “det naturlige” ønskjer han å hjelpe oss å sjå naturen på ei ny måte. For å finne hans verk følger man røde markører utenfor grusstien, på en skattejakt etter kunstverk blant mose, røter, steinar og greiner.

Delar av utstillinga er utanfor stigen i ulendt terreng. Vi anbefalar derfor gode sko som t.d. fjellsko, gummistøvlar eller vanntette joggesko. Tilkomst med barnevogn/ rullestol er mogleg i delar av stigen, men ikkje overalt.

Omvisningar og aktivitetar

Bli betre kjent med Leveld Kunstnartun og årets sommarutstillingar. Vår guide tek deg med på ei personlig omvisning i årets sommarutstillingar, og innsyn i stabburet til Jens Bjørneboe. Kanskje møtar du også samtidskunstnarar i arbeid i ateliera sine? Vi tilbyr også kreativt verkstad for born og familiar. Desse tilbudene må bestilles 24 timer i forveien. For prisar, tider og bestilling se her

 
Sommarutstilling Leveld Kunstnartun 2020.png

Det her borte

Sebastian Rusten(1986) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHIO) og har tidligere stilt ut ved Tegnerforbundet i Oslo, Harpefoss Hotell og Oppland Kunstsenter. I mai og juni har han budd og arbeidd på Leveld Kunstnartun. Utstillinga han viser er ei utforskning av skogen, hvor skiljet mellom kunst og natur er utviska og det er ikkje lett å sjå kor det eine byrjar og det andre ender. Han jobber intuitivt med å grave og flytte naturmateriale på forskjellige måter, og anvender skogbunn, stein, pinner, stokker, og bearbeidede grantrerøtter til å gjer inngrep og å lage enkle strukturer og flettverk. Rusten er inspirert av minimalistane Robert Morris og Daniel Judd med sine reine enkle former, og av Land Art kunstnaren Robert Smithson sin ide om “site non-site”, som utforskar skiljet mellom det naturlige og det konstruerte. Utstillingen handler om å være tilstede, å elske, å være sammen, og å lytte. Følg stien rett frem etter brua og fortsett rett frem i stikrysset, herfra vil du se rødmalte markører som leder deg vekk fra stien. Markørene samt større verk vil lede deg på en liten runde i skogen og tilbake på stien igjen. Vennligst vær forsiktig med kunstverkene.

“Jeg. Vi. Det her borte.
Ren pust.
Husk hvordan vi kom hit.
Bruk hendene. Putt dem i jorda.
Koble deg på.
Jeg stryker meg over leggene.
Vi må ta med oss tingene tilbake.
Kroppen er gammel
Det andre er eldre.
Bli med.
Sammen.”

 
DSC0916.jpg

Birgit Hagen

Birgit Hagen (1912-2004) var fødd i Vats og voks opp under enkle kår. Ho budde delvis i Ål og i Oslo der ho også hadde studert ved Statens Kvinnelige Industriskole (1943-1945). Ho tok vidareutdanning i Helsingfors. Der vart tekstilkunst den gongen sett på som fri kunstform. Dette vart avgjerande for henne. Ho utvikla eit moderne og personleg formspråk. Ho hadde ein vennekrets i Oslo og København, ho var periodar i Paris og tok lange reiser i Sør-Europa. Her inspirerte impresjonistane og kyrkjekunsten.

Birgit Hagen hadde nokre få utstillingar i Kunstnernes Hus (1952-1953), Triennalen i Milano (1960) og seinare i Kunstindustrimuseet, Oslo (1970). Dette førte også til nokre utsmykkingsoppdrag, men Birgit Hagen var både eit beskjedent og svært «privat» menneske. Ho levde eit ganske tilbaketrekt liv i Ål mellom reisene, og ønskte ikkje at hennar livsverk skulle seljast eller rivast frå kvarandre. Først som pensjonist fekk ho betre økonomi og studerte i Paris (1977-1978), samt ved KHIO og Vestlandets kunstakademi (1980-1982).

Ho var ein stillfaren person og er lite kjent som kunstnar, både lokalt og nasjonalt. I det gamle bondesamfunnet var dette ein utradisjonell livsveg. Kva dreiv henne? Var det for trongt heime? Eller var det nettopp bakgrunnen som gjorde henne til eit skapande vesen? Ho blir eit interessant bindeledd mellom bygdekunst og bygdeliv og kunstimpulsar utanfrå. Å presentere Birgit og kunsten hennar er også med på å utfylle biletet av vår lokale, nære kunsthistorie.

I 2002 fekk Hallingdal Museum heile kunstsamlinga. Alle originalar tilhøyrer difor Hallingdal Museum. Fylkesfotograf Bjørn Johnsen har fotografert heile kunstsamlinga. Utstillinga var henta frå denne fotosamlinga. Utvalet prøvde å vise utviklinga i hennar arbeid, frå start til slutt, både i temaval og uttrykk. Utstillinga fekk også fram dei ulike fargeuttrykka og materiala ho brukte i biletteppa sine.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Leveld Kunstnartun, Hallingdal Museum og Stiftelsen til fremme av Birgit Hagens kunst.

Link til filmen om Birgit Hagen, “Jeg vil veve som om jeg malte”, finn du her

10863766_706326592809831_3687098965212304033_o.jpg

Bjørneboe 100 år


"Jeg tror det er umulig å forstå hvordan Bjørneboe utøvde sitt forfatterskap og klarte å utvikle seg som forfatter uten å kjenne til disse somrene i Leveld" - Tore Rem, forfattar av biografien om Jens Bjørneboe

Sumrane i Leveld var viktige for forfattaren og samfunnsrefsaren Jens Bjørneboe, som i år ville fyllt 100 år. På 1950-tallet kjøpte han eit stabbur i bygda. I dag står Bjørneboe-loftet på Leveld Kunstnartun, kor det fungerer som skrivestove og inspirasjonsloft for dagens kunstnarar, samt eit viktig kulturminne. Leveld Kunstnartun markerer Bjørneboejubileet med ei rekkje arrangement og aktiviteter denne sumaren og hausten. Sundag 23 august kl. blir det Bjørneboe-dag på tunet fra kl. 12.00. Vi inviterer til konsert med Julie Kleive og Joachim Kwetzinsky, som skal framføre nykomponert musikk av Marcus Paus til tekstar av Bjørneboe. Litteraturvitar Kaja Schjerven Mollerin leier ei samtale om Bjørneboes forfattarskap. Kunstnar Eva Schjølberg presenter eit installasjonsverk inspirert av Bjørneboe-loftet, og komponist Mike McCormick held konsert inne i stabburet. Det blir også omvisningar, aktivitetar for born og sal av mat og drikke. Billetter til arrangementet kjøpes her

Gjennom hele sumaren kan du ta turen langs bygdevegen i Leveld og oppleve kjende og ukjende Bjørneboe-sitat på låve- og husveggar. Her kan du bli minna om både dei lyse og mørke, dei humoristiske og sylskarpe samfunnskritiske sidane til den folkekjære forfattaren.

Bjørneboe-1 (1).jpg

Bjørn Bjørneboe utstilling

22 august kl. 13.00. opnar vi ei flott biletutstilling av Bjørn Bjørneboe; Teolog, biletkunstnar og nevø av forfattaren. Bjørn Bjørneboe har illustrert fleire bøker, den mest kjende er kanskje Mitt hjerte - dikt i utvalg, praktutgåva av Jens Bjørneboe sine samlede dikt, som kom ut i 1995. Han hadde inga formell kunstutdanning då han i 1967 debuterte på Statens Høstutstilling. Leveld Kunstnartun er stolte over i samarbeid med Ål Kunstforening og Ål Kulturhus kunne presentere eit utvalg verk av Bjørn Bjørneboe, som til vanleg er å finne i samlinga til Nidaros Bispedømme. Utstillinga er gratis og held open 22.8-05.10.2020. Sjå Ål Kulturhus sine nettsider for opningstidene