Arbeidsopphald
Her tilbyr me ein bygdenær og stille stad der naturen, årstidene og lyset gir inspirasjon og gode rammevilkår.
Opphaldet er tiltenkt ulike type kunstnarar: biletkunstnarar, forfattarar, musikarar og kulturarbeidarar m.v. Det er eit vilkår at ein er medlem i ein fagorganisasjon, til dømes Norske Billedkunstnere, forfatterforeninga m.v., eller at ein kan legge fram tilsvarande fagleg dokumentasjon.
Stipendopphalda inneheld gratis opphald i kunstnartunet med bruk av verkstad og internett. Kunstnarane må sjølve ta med materiale, reiskap, instrument og laptop til eige bruk. Opphaldsperiodane er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at dei som får eit arbeidsopphald formidlar sine prosjekt eller relaterte emne lokalt, i form av utstilling, opplesing, kurs, konsert e.l., anten i kunstnartunet eller andre eigna stader i Hallingdal.
Arbeidsopphald blir lyst ut to gonger i året. Tunet er fylt opp ut 2020, og utlysing for 2021 har søknadsfrist 1.april. Fyll ut søknadskjemaet og send den sammen med søknaden din til leveld.kunstnartun@gmail.com
Søknaden må innehalde:
Personlege data: Namn, adresse, tlf. mob. mailadresse, fødselsår, evt. webside, facebookside, profesjonsmedlemskap.
Informasjon om deg sjølv som kunstnar og kunstnarisk produksjon.
Portefølje.
CV.
Prosjektbeskrivelse for arbeidet under opphaldet.
Grunngi ønsket om arbeidsopphald i Leveld Kunstnartun.
Ønskt opphaldsperiode (1-3 månader).
Me legg vekt på formidling, både i eigen regi og ved at kunstnarar på opphald formidlar det dei driv med.
Store, lyse atelier gir et godt utgangspunkt for arbeidet
Tilkomst: Ål ligg midt mellom Oslo og Bergen, lett tilgjengeleg med Rv7 som viktigaste tilkomstveg. Bergensbanen stoppar på Ål. Leveld ligg 13 km frå Ål sentrum, med dagleg bussamband. Henting kan eventuelt avtalast. Tek ein med eigen bil, gir dette endå fleire moglegheiter for flotte utflukter i nærområdet.
Opphaldet er basert på sjølvhushald og eige sluttreingjøring.
Av omsyn til fleirbruk kan brukarar av tunet ikkje ha med kjæledyr.